Ole Einar Bjørndalen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Einar Bjørndalen (fødd 27. januar 1974) er ein norsk skiskyttar frå Simostranda i Modum i Buskerud. Han har vunne 5 OL-gull, 6 VM-gull og 67 verdscuprenn totalt (pr. 3. Desember 2006), fleire enn nokon annan skiskyttar. Han har og vunne verdscupen samanlagt to gonger.
I OL i Salt Lake City i 2002 vann han alle fire konkurransane, og i VM i Hochfilzen i 2005 tok han fire av fem moglege gullmedaljar.
Bjørndalen bur i Toblach i Sør-Tirol i Italia med sambuaren Nathalie Santer som òg er skiskyttar på elitenivå. Broren Dag Bjørndalen har òg vore skiskyttar på elitenivå.
[endre] Kortfatta merittliste
(pr. 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- 2 sigrar (2002/03 og 2004/05), 4 andreplassar, 2 tredjeplassar
- Verdsmeisterskap:
- 6 gull (5 individuelle), 5 sølv, 8 bronse
- Olympiske leikar:
- 5 gull (4 individuelle), 3 sølv, 1 bronse
- Verdscuprenn:
- 57 gull, 31 sølv, 18 bronse