Obrestad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Obrestad er eit norsk etternamn og stadnamn. Obrestad er ein gard i Hå kommune på Jæren. Garden ligg ut mot Nordsjøen. Stormannen Eirik Bjodaskalle, som levde i åra kring 950, skal ha hatt hovudbølet sitt på Obrestad. Eirik Bjodaskalle var far til Astrid, mor til kong Olav Tryggvason. Snorre Sturlason skriv om dette i soga om Olav Tryggvason i Heimskringla.
[endre] Personar med etternamnet Obrestad
- Tor Obrestad, norsk forfattar.
[endre] Sjå òg
- Obrestad fyr, stod ferdig i 1873.
- Obrestad hamn, bygd frå 1874. Eit freda hamneanlegg.