Noregs Bank
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noregs Bank er namnet på den norske sentralbanken. Han vart oppretta av Stortinget i 1816 og er, sidan 1950, fullt ut eigd av den norske staten. Opprinneleg hadde Noregs Bank tilhald i Stiftsgarden i Trondheim, men ligg i dag i Oslo. Dei viktigaste ansvarsområda til banken er:
- Gjennomføre den norske pengepolitikken ut frå mandat gjeve av regjeringa. Det operasjonelle målet for pengepolitikken er i dag eit fleksibelt inflasjonsmål på 2,5%. Det viktigaste verkemiddelet for å nå dette er styringsrenta.
- Sikre finansiell stabilitet.
- Forvalte Statens petroleumsfond, ofte kalla Oljefondet.
- Gi ut norske setlar og myntar.
Sjefen for Noregs Bank heiter Svein Gjedrem. Banken blir leia av eit hovudstyre på sju medlemmer, der sentralbanksjefen er leiar. Det er hovudstyret som tar avgjerder om renteendringar.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |