Meridional straum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meridional straum er eit meteorologisk omgrep som betyr at den generelle straumen går i nord-sør retning langs Jorda sine lengdegradslinjer. Ekstratropiske syklonar i slike tilfelle er ofte kraftige og flyttar seg sakte. Lågtrykk med storm styrke blir danna i slike straummønster, men ein kan òg få uvanlege temperaturforhold som hete- og kuldebølgjer alt etter om luftstraumen går mot ekvator eller mot polane.