Marius Hægstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristofer Marius Hægstad (fødd 1850, død 1927) var professor i norsk språk, med vekt på landsmål.
I 1898 vart Hægstad formann for ei nemnd som skulle finna fram til ei offisiell rettskriving for landsmål (nynorsk). Fleirtalet i nemnda ville gjennomføra ei radikal nyskaping, men Hægstad gjekk inn for små endringer av Ivar Aasen si skriftnorm. Departementet delte Hægstad sitt syn, og Hægstad-normalen vart med dette den fyrste offisielle rettskrivinga for landsmål.
Hægstad sat òg i fleire periodar på Stortinget for Venstre. Han vart òg den fyrste leiaren for Noregs Mållag, frå 1906 til 1909. Kolbjørn Heggstad er sonesonen hans.
[endre] Lenkjer ut
- Då nynorsken kom til universitetet – eit hundreårsminne av Kjell Venås
- Marius Hægstad: Norsk maallæra, 1905 www.sprakrad.no