Kopervik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kopervik er ein by som er administrasjonssenter i Karmøy kommune i Rogaland fylke.
Kopervik er ein tidlegare kommune i Rogaland fylke. Opprinneleg (1837) var Kopervik ein del av Avaldsnes formannskapsdistrikt.
16. august 1866 vart Kopervik skild ut frå Avaldsnes som eigen kommune med 737 innbyggjarar.
1. januar 1965 vart Kopervik kommune slegen saman med Avaldsnes, Skudenes, Skudeneshavn, Torvastad og Åkra til Karmøy kommune. Kopervik hadde ved samannslåinga 1 737 innbyggjarar.