Kjell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell er eit gammalt nordisk namn. Det byrja å bli mykje brukt på 1600-talet då det tok over frå den eldre namneforma Kættil eller Kettil, som òg var forløparar for namnet Kjetil. Namnet har samanheng med ordet kjele, truleg med tydinga hjelm eller offerkjele.
Namnet var mykje brukt på 1940- og 50-talet, men er i dag sjeldan brukt på nyfødde gutar. Kjell har norsk namnedag den 11. juli og svensk den 8. juli.
Innhaldsliste |
[endre] Namnesamansetjingar
Kjell finst i mange namnesamansetjingar, både av gammal dato, skrivne i eitt ord, eller i nye, som blir skrivne i to ord.
- Kvinnenamn: Kjellaug, Kjellbjørg, Kjellfrid, Kjellrun
- Mannsnamn:
Namneform | Brukarar¹ |
---|---|
Kjell | 31 552 |
Torkjell | 197 |
Arnkjell | 43 |
Askjell | 41 |
¹ (Nordmenn som har namnet som første eller einaste føremnamn. Kjelde: SSB) |
[endre] Kjende namneberarar
- Kjell Askildsen, norsk forfattar
- Kjell Aukrust, norsk forfattar
- Kjell Magne Bondevik, norsk politikar og statsminister
- Kjell Bækkelund, norsk pianist
- Kjell Inge Røkke, norsk forretningsmann
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Kjell hjå Statistisk Sentralbyrå