Kari
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari er eit førenamn. I Noreg er namnet mest brukt som eit kvinnenamn. I Finland er namnet eit mannsnamn, avleia av det greske namnet Makarios. Det finske og det norske Kari uttalast ulikt, det norske med lang /a:/, og det finske med kort /a/ og kort /r/, slik at namna er homografe snarare enn homonyme. Kvinnenamnet Kari er brukt i Norden og er ei form av namnet Katarina.
For det islandske og færøyske mannsnamnet Kári, sjå Kåre.
Namnet har vore mykje brukt på heile 1900-talet, med ein stor topp rundt 1940 då bortimot 3% av alle jenter blei døypte Kari. Det er blitt eit namn for å snakka om den typiske norske kvinna, som i uttrykket «Ola og Kari Nordmann».
I fylgje Statistisk sentralbyrå finst det i byrjinga av 2005 61 menn i Noreg som har Kari som fyrste førenamn. Samstundes er det 29.357 kvinner som har Kari som fyrste førenamn.
[endre] Folk med namnet Kari
- Kari Bremnes, norsk songar
- Kari Bøge, norsk forfattar
- Kari Gjesteby - norsk politikar
- Kari Husøy, norsk politikar
- Kari Rueslåtten, norsk songar
- Kari Svensen, norsk underhaldar
- Kari Suomalainen, finsk avisteiknar
- Kari Traa - norsk idrettsutøvar innan fristil
- Kari Vogt, norsk forskar
[endre] Fiktive folk med namnet Kari
- Kari Trestakk, eventyrheltinne
[endre] På verdsveven
- Søk etter norsk namnestatistikk for Kari hjå Statistisk Sentralbyrå