Jesper Odelberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jesper Odelberg (fødd 23. juli 1970) er ein svensk standupkomikar. Han er mest kjend i Noreg for sine innslag i Rikets røst der han mellom anna har starta ei musikkgruppe med namnet Boys on Wheels og prøvd ut forskjellige yrke og jobbar.
Odelberg har cerebral parese, dette fører mellom anna til at han sit i rullestol. Han er kjend for å bruke sitt handikap i innslag, mellom anna ved å spele cp-ramma akupunktør ovanfor uvitande personar og i den nemnte musikkgruppa Boys on Wheels.
[endre] På verdsveven
Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over mediespirer. |