Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Jehovas vitne - Wikipedia

Jehovas vitne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kost
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask som reinsker ut påverking frå andre språk eller innfører same språkstilen overalt.
Oversyn over artiklar som treng språkvask.
 Objektiviteten i denne artikkelen er omstridd.
For utfyllande informasjon, sjå diskusjonssida.

Jehovas vitne er eit verdsomfattande trussamfunn, som oppfattar seg sjølve som kristne. Dei baserer trua si utelukkande på sin forståing av Bibelens tekst. Jehovas vitne har ei lære som tydeleg skil seg frå dei tradisjonelle kristne kyrkjene, som dei markerer avstand frå. Sjølv meiner dei å byggje sin organisasjon etter det same mønster som dei kristne i det første hundreåret. Innanfor andre trussamfunn er det ei utbreidd oppfatning at Jehovas vitne har ei lære som skil seg vesentleg ut frå den tradisjonelle kristenverda. Jehovas vitne er kjend for omfattande misjonsverksemd ovanfor alle som ikkje tilhøyrer trussamfunnet.

På verdsbasis finn ein omkring 6 millionar medlemmer, delt på over 235 land og områder. Veksten i talet på medlemmer er sterkast i Mellom-Amerika, Aust-Europa, Afrika sør for Sahara og i Japan. Jehovas vitne er i Noreg registrert med omkring 15 000 medlemmer (born inkludert), men følgje samfunnets eigen måte å rekne på, er dei oppe i rundt 10 000 aktive forkynnarar.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Unge Charles Taze Russell danna i byrjinga av 1870-årene ei bibelstudiegruppe i Allegheny i Pennsylvania, USA. Med tida vaks gruppa, og han vert med tida kalla Dei Internasjonale Bibelstudentar. I 1931 hadde trussamfunnet, som no var ein internasjonal, religiøs organisasjon, namnet Jehovas vitne. (Jesaja 43:10-12) Dei meiner at deira tru og handlingar ikkje representerer noko nytt, men er ei gjenoppretting av kristendomen frå det første hundreåret.

Bibelstudentane grunnla og Watch Tower Bible and Tract Society (Vakttårnets bibel- og traktatselskap), eit lagleg, religiøst selskap. Det vart registrert i 1884 i samsvar med staten Pennsylvanias lov om selskap med allmenngyldige føremål. Russell vart president i dette selskapet. Lova seier at ingen kan få noko økonomisk utbytte frå dette selskapet.

I dei første tiåra var det fleire rundar med usemje og splitting. Størst usemje kom då Russell døydde i 1916. Russells etterfølgjer som president for Vakttårnselskapet vart Joseph Franklin Rutherford. Han klarte å samle dei gjenverande medlemmane. I løpet av hans tid som president, gjennomgjekk vitna mange endringar, både i organisasjonen og i læra. Det var også i hans tid, i 1931, at dei offisielt byrja bruka namnet Jehovas vitne om seg sjølv.

Ettersom Jehovas vitne held seg nøye til læra si om Bibelen, har dei mange gonger blitt møtt med hard motstand og forfølging. I land med obligatorisk verneplikt har medlemmane konsekvent nekta å utføre slik teneste; i land som har sivilteneste med militær tilknyting har de ofte også nekta dette, og mange mannlege medlemmar har difor vorte samvitsfangar.

I diktaturstatar har Jehovas vitne fleire gonger blitt utsett for direkte motstand. I Tyskland forfølgde nazistane dei utan omsyn, og mange døydde i konsentrasjonsleirar. I fleire kommunistiske land blei dei og utsett for sterk forfølging.

[endre] Teologi

[endre] Namnet Jehova

Jehovas vitne meiner dei bruker Guds namn, i formen "Jehova" YHWH i Den hebraiske bibelen (Det gamle testamentet). I deira bibelomsetjing, som heiter Ny verden-oversettjinga av dei helage skrifter, finst dette namnet nesten 7000 gonger. Dei har sette inn namnet der den hebraiske grunnteksten har tetragrammet, bokstavane JHVH eller YHWH, i hebraisk skrift יהוה. På same måte som jødane i gammal tid nytta Guds namn, som tilbedarar av JHVH, ønskjer Jehovas vitne å markere at det er same Gud dei sjølve tilber i dag. Moderne jødar ser det naturlegvis annleis, ettersom dei gjekk bort frå den kvardagslege bruken av namnet eit par hundre år før Kristus.

Jehovas vitne meiner at dei første kristne gjorde som israelittane i gammal tid, og brukte Guds namn YHVH i tilbedinga. Dei har derfor «gjeninnført» namnet og i dei kristne greske skrifter (Det Nye Testamentet), sjølv om tetragrammet ikkje finst i den greske grunnteksten.

[endre] Jesus Kristus

Jehovas vitne meiner at Jesus Kristus var guddommeleg, og Guds Son. Dei trur ikkje Jesus er en del av den heilige treeininga (Gud, Jesus og Den heilage anden i ein og same person). Jehovas vitne trur derimot at Jesus er underordna Gud og har ei byrjing. (Openbaringen 4:14, Kolossarane 1:15, Matteus 3:17, Johannes 8:42, 14:28, 20:17, 1. Korintarbrev 11:3, 15:28) Dette er ulikt andre kristne gruppers kristologi, som seier at Faderen og Sonen er den same Gud. Jehovas vitne lærer at Jesus er den same som erkeengelen Mikael; han var Mikael før han kom til jorda, og han blei Mikael igjen etter at han steig opp att til himmelen. Jehovas vitne meiner at Gud øydela Jesu jordlege lekam og at Jesus stod opp att med ein andeleg lekam. Dei meiner og at Jesus vart avretta på ein pæl (staur) og ikkje på ein kross. Bibeloversetjinga deira gjengir derfor alltid 'kross' som 'pæl'.

[endre] Frelse

Vitna trur sidan 1930-åra at 144 000 personar vil kome til himmelen, mens resten av Guds tenarar vil få leve evig på jorda i framtida (Openbaringa 14:3). Dei trur og at fleire «urettferdige» vil få ein oppstandelse, dei som har døydd før Harmageddon (dommedag) kjem. Ved døden har dei då sona for syndene sine, og vil få ei oppståing. Alle dei som framleis ikkje er Jehovas Vitne, og som er i live på dommedagen, vil verte utsletta, og får inga oppståing. (Apostelgjerningane 24:15). Samstundes viser dei til Bibelens ord om at det er Gud «vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.» (1. Timoteus 2:3, 4).

[endre] Blodoverføringar

Vitna meiner blodoverføringar ikkje er tillete etter Guds lov, då dei forstår det slik at Bibelen forbyr kvar ein bruk av blod og ikkje berre blodmat. Dei nektar derfor å akseptere medisinsk behandling som involverer blodoverføring (bruk av fullblod).

Dette har frå tid til anna ført til konfliktar med myndigheiter og helsepersonell, særleg når born har vore involvert; i fleire land har man hatt eigne rutinar for midlertidig å frata foreldra omsorgsrett, slik at man kan gi mindreårige den handsaminga legene meiner er nødvendig. For familiane som er involvert ses dette som eit overgrep, idet dei har uttalt at de ser det å tvinge blodoverføringar på ein person som jamt med ein voldtekt.


«For å bistå leger i forbindelse med behandling uten bruk av blod har Jehovas vitner opprettet en nyttig informasjonstjeneste. For tiden finnes det over 1400 sykehuskontaktutvalg verden over som kan forsyne leger og forskere med medisinsk litteratur fra en database med over 3000 artikler som har med medisin og kirurgi uten bruk av blod å gjøre.»

[endre] Teneste

Vitna er kjende for sitt internasjonale, nært knytte brorskap. Dei tar avstand frå julefeiring, fødselsdagar og fleire andre skikkar som de meiner er av ubibelsk opphav. Dei er militærnektarar og er ikkje med på offentleg politikk, noko som inneberer at dei ikkje har politiske verv. De har forbod mot å eta blod og mot å bruke tobakk.

Det ventast at alle medlemmer skal vere forkynnarar som deltar i evangelisering ved å oppsøke folk i heimen og på gatane. Litteratur, til dømes blada Vakttårnet og Våkn opp!, som kjem ut på ei rekke språk, deles ut gratis som ein del av forkynninga deira. Vitna viser til profetien i Matteus 24:14.

Dei praktiserer offentleg dåp ved fullstendig nedsenking i vatn. Dei viser til Markus 1:9,10 og Apostelgjerningane 8:38. Barn, så vel som nye medlemmer, kan tene som «udøypte forkynnarar» fram til de blir døypt. -Matteus 28:19,20.

De held møter tre gonger i uka, to gonger i forsamlingslokalet Rikets sal og ein gang i private heim. Større stemner blir heldt tre gonger i året. Det er vanlegvis på stemnene dåpen finner sted. Dei feirar nattverd, eller «minnehøgtid», berre ein gong i året, på den dagen som tilsvarer 14. nisán etter solnedgang, i samsvar med den jødiske kalender som var vanlig i det første hundreåret.

[endre] Struktur

Vitna meiner ønskjer ikkje skile mellom prestar og lekfolk. Heile trussamfunnet ledast frå hovudkontoret i USA, der ei gruppe godt vaksne eller eldre menn, alle tilhørande dei 144 000 med eit himmelsk kall, utgjør det internasjonale styrande råd. De har hovudansvaret for å administrere vitnas verksemd. I byrjinga var det styrande råd identisk med styret for Vakttårnselskapet. Dette vart endra i 1970-årene, og selskapets styre vart skilt frå rådet i 2000.

Hovudkontora deira kallast «Betel-heim». Dei har avdelingar i meir enn 100 land som leder trossamfunnet over heile verda. Personar som tilhøyrer «Betel-familien» bor og arbeider der. Avdelingskontorets utval, beståande av tre eller fleire menn, styrer arbeidet i det området som avdelingskontoret råder over.

Kvar forsamling følgjer ordninga med å utnemne kvalifiserte menn til «eldste»; titelen prestar nyttas ikkje. Det er spesielt dei eldste som er ansvarlege for disiplin og forkynning. Reisande tilsynsmenn vitjar forsamlingane to gonger i året på vegne av organisasjonen.

Det finst i dag meir enn 98 000 forsamlingar fordelt over heile verda.

[endre] Jehovas vitne i Noreg

I Norge har Jehovas vitne rundt 15 000 medlemmer; av desse reknes 10 000 som aktive forkynnarar. Dei er delt på omkring 180 forsamlingar. Hovudsenteret deira ligg i Enebakk. Bibeloversettelsen deira, Ny Verden-oversettelsen, kom på norsk i 1996. Jehovas vitne mottar offentleg tilskot på lik linje med alle registerte trossamfunn i Norge.

[endre] Kritikk

Jehovas vitne har naturlig nok alltid møtt motstand for sin radikale teologi og bibeltolking, både frå katolsk hold og frå protestantisk. Under den andre verdskrigen vart tyske medlemmar av Jehovas vitne sendt i konsentrasjonsleire blant anna på grunn av sin konsekvente antimilitarisme. Jehovas vitne blir og kritisert for å nekte blodoverføring, og for sin behandling av ekskluderte medlemmar. Tidligare medlemmar har fortalt om ei disiplinert forsamling, som legg stor vekt på å følgje bibelske prinsipp i oppfostringa av borna. Dette har ført til ny kritikk av Jehovas vitne si lære som ’mentalt usunn’ i forhold til samfunnets normer, særleg for barn som blir skjerma frå mange verdslige tilbod. Denne kritikken liknar kritikk som nyreligiøse bevegelsar ofte blir møtt med.

[endre] Eksterne lenkar

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com