Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Verneplikt - Wikipedia

Verneplikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verneplikt er ei plikt statsborgarane i eit land har til å ta del i forsvaret av landet sitt. Nokre land har obligatorisk verneplikt; andre kan innføra det bare dersom dei er i krig og treng fleire soldatar.

Land med obligatorisk verneplikt er mellom anna: Austerrike, Danmark, Kina, Finland, Tyskland, Hellas, Israel, Libanon, Malaysia, Russland, Singapore, Sør-Korea, Sveits, Sverige, Taiwan og Noreg.


Innhaldsliste

[endre] Historie

Verneplikt gjorde det mogeleg for den Franske republikk å opprette den Grande Armee, som Napoleon Bonaparte kalte nation in arms, og denne hadde stor suksess mot dei profesjonelle hærane i Europa.

Verneplikt der vernepliktige soldater blir sendt til å krige i utlandet, og med det ikkje direkte påverkar forsvaret av landet, har historisk sett vore eit politisk omstridt tema i vestlege demokratiar. Til dømes, i laupet av den fyrste verdskrigen, braut det ut bitre politiske kranglar i Canada (jmf. Vernepliktskrisa i 1917), Newfoundland, Australia og New Zealand. Liknande problem oppstod òg i mange land under Vietnamkrigen.

I store industrialiserte land har det store fokuset på teknologisk militære nyvinningar, betre trente soldatar, mindre sannsynlighet for krig og erfaring frå mellom anna Vietnamkrigen ført til at verneplikt i stor skala er lite sannsynlig i næraste framtid.

Russland og Kina, og fleire mindre nasjonar, held framleis på verneplikta.

[endre] Kvinneleg verneplikt

I dei fleste landa med verneplikt, er dette berre obligatorisk for menn (vekksett frå mellom anna Israel). Fleire har vurdert denne praksisen, då verneplikt berre for menn vert sett på som eit brot på likestillinga. I laupet av den andre verdskrigen vart kvinner i Storbritannia og Sovjetunionen utkommandert i krigen. USA var like ved å utkommandere kvinner til Sykepleierkorpset som ein lekk i førebuingane med å innvadere Japan, men atombomba og den japanske kapitulasjonen gjorde planane unødige.

[endre] Sivil verneplikt

Dei fleste land i verda har gjennom FN forplikta seg til å ha eit alternativ for vernepliktige som av ein eller annan grunn ikkje ynskjer militær verneplikt. Som oftast må det grunnast på eit moralsk eller etisk grunnlag, som oftast er det anten på grunn av religion eller pasifistisk overbevising. Ei gruppe der det er vanleg å nekte militærteneste på religiøst grunnlag er Jehovas Vitner med den grunna at kristne bør vere nøytrale i eikvar internasjonal konflikt. Det vil ikkje sei at medlemmane er pasifistar. Kvekarane er ei annen religiøs gruppe der medlemmane er pasifistar.

I situasjonar og land der det ikkje har eksistert noko alternativ for militærnektarar har ein ofte plassert dei i fengsel over ein periode på fleire år (ofte mellom 2 og 4 år). I Israel der ein har ålmenn militær verneplikt for begge kjønna og der det ikkje finst noko system for å fange opp personar som ikkje vil inn i militær teneste, vert militærnektarar plasserte i fengsel i tre eller fire år i tillegg til at dei misser ein del rettar som rett til bustad og jobb.

I Noreg har ein eit siviltenesteapparat som har eksistert sidan 1960-talet. Den 19. mars 1965 vart «Lov om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner», eller den såkalla Militærnektarlova vedeken. Lovens §1 [1] konstanterar at om ein ikkje kan gjennomføre militær verneplikt utan å komme i konflikt med sine alvorlege overbevisningar og verdiar, inkludert bruk av masseaudeleggjingsvåpen slik dei kan bli brukte i forsvaret i dag, har ein krav på fritak frå militærteneste. Tidlegar måtte ein inn til politiavhør og/eller eventuell rettsak for å kontrollere at ein ikkje «lurte seg unna», men dette har blitt mjuka opp i stor grad dei siste åra. No er det å nekte militærteneste mye mer akseptert i ålmenta, og derfor er det òg lettare å verte godteken av systemet.

I Noreg må ein utføre ei siviltjeneste på 13 månader om ein får søknaden sin godkjent. Som sivilarbeidar arbeider ein i ein offentleg institusjon, kulturinstitusjon eller hjå ein humanitær organisasjon. Ein hadde tidlegere to instansar for for sivilteneste Dillingøy leir som dekka sør- og aust-landet; og Hustad leir som dekka Vestlandet, Trøndelag og Nord-Norge. Den 15. november 2004 vart Hustad leir gjort om til fengsel og siviltenesteadministrasjonen flytta til Dillingøy. Ein reknar med at ca. 8-10% av alle som utførar verneplikt utførar den i sivil.

[endre] Noreg

Verneplikta i Noreg vert rekna å ha røter til leidangen som var eit forsvarssytem under vikingtida og middelalderen. I Noreg er ålmenn verneplikt slege fast i Grunnlova sin § 109, og det finst meir detaljerte reglar om verneplikta i vernepliktslova av 1953. Forsvarets organ for organisering av verneplikta heiter Vernepliktsverket, og deira arbeidsoppgåver inkluderar sesjon, fordeling, og innkalling til fyrstegongsteneste og repetisjonsteneste, rulleføring, mobilisering - kort sagt alt som har med verneplikt å gjere.

I Noreg startar verneplikt (som berre gjeld menn) det året ein fyller 19 år, og varar ut det året ein fyller 44 år. I krig eller når krig trugar, kan det settast opp ei krigsforsterking som omfattar tenestedyktige menn opp til 55 år.

Einkvar vernepliktig er forplikta til å ta over den tenestestillinga i Forsvaret som han vert beordra til, og utføre den tenesta som ein vert pålagd. Ein er òg forplikta til å ta imot høgare grad og å gå gjennom nødvendig utdanning. Kvinneleg personell som gjer friviljug teneste, har mobiliserings- og tenesteplikt etter nærare bestemmingar gjevne av Kongen (med Stortinget sitt samtykke).

Fyrstegongstenesta varar 12 månader i Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret. I Heimevernet varar den seks månader. Den grunnleggjande soldatopplæringa og for enkelte spesialistutdanning eller befalsutdanning går føre seg under fyrstegongstenesta. Seinare kan ein bli kalla inn til repetisjonsøving i mobiliseringsforsvaret eller bli overført til Heimevernet.

[endre] Sveits

Sveits har den største militshæren i verda, på rundt 200.000. Den grunnleggjande treninga tek 17 veker, deretter tek ein årlege oppfriskingskurs på tre veker til ein har opptent eit visst tal dagar (300 for meinige). Kvinner kan velja å vera med i hæren. Militærnektarar kan utføra sivilarbeid i til saman 450 dagar. I dag fullfører bare rundt ein tredjedel av alle sveitsiske menn den grunnleggjande treninga.

[endre] Israel

Israel har ei sterk tryggingstrong, og har obligatorisk verneplikt for både kvinner (21 månader) og menn (36 månader). Visse etniske og religiøse grupper er fritekne. I dei siste året har stadig fleire byrja å nekta militærtenesta, særleg i dei okkuperte områda, og mange av desse har fått fengselsstraffer.

[endre] Eksterne lenkjer

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com