Hypertext Transfer Protocol
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Applikasjonslaget | HTTP, SMTP, FTP, SSH, IRC, SNMP ... |
Transportlaget | TCP, UDP, SCTP, DCCP ... |
Nettverkslaget | IPv4, IPv6, ARP ... |
Datalinklaget | Ethernet, Wi-Fi, Token ring, FDDI ... |
Fysisk lag | RS-232, RS-449 ... |
Hypertext Transfer Protocol (HTTP) er ein nettverksprotokoll som blir brukt for å overføre det meste av informasjon på verdsveven. HTTP styrer kommunikasjonen mellom ein HTTP-klient, typisk ein nettlesar og ein HTTP-tenar. Dette blir gjort ved at klienten sender ein forespørsel til tenaren, og denne vil da gje ei svarkode. Viss klienten bad om å få tilsendt ei fil, følgjer denne etter svarkoda viss alt gjekk bra.
[endre] Soge
Utviklinga av HTTP vart leia av World Wide Web Consortium og ulike arbeidsgrupper i Internet Engineering Task Force, som resulterte i ei rekkje sokalla RFC. Den viktigaste av desse var RFC 2616, som definerer HTTP/1.1, som er standard kommunikasjonsprotokoll i dag.
Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over dataspirer. |