Hanzi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanzi er det kinesiske namnet på det kinesiske teiknsettet. Det finst i to former, ei forenkla form som vert brukt i mesteparten av Kina og i Singapore, og ei tradisjonell form som vert nytta på Taiwan og i Hong Kong.
I Sør-Korea, der dei vert kalla hanja, vert mange av dei same teikna som i den tradisjonelle kinesiske formen nytta som eit supplement til det koreanske alfabetet hangul. I Japan nyttar ein eit eige sett av teikn som vert kalla kanji, der mange av dei tradisjonelle teikna er forenkla, men ikkje alltid dei same som i Kina. Teikna vart før òg nytta i vietnamesisk skrift.
- Sjå òg kinesisk språk.
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |