Fluberget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fluberget er det største helleristingsfeltet på Jæren. Det ligg vest i Stavanger kommune, nær Hestnes ved Hafrsfjord. Feltet vart utvikla over lang tid og har truleg vore ein religiøs samlingsstad der ein bad om god grøde.
Mange av ristingane er tydeleg båtar. Elles er figurane geometriske og vanskelege å lesa. Ein har sirklar, spiralar og ringar, i tillegg til mange figurar forma som y-ar. Arkeologar meiner at ein har brukt gropene til å ofra i, til dømes blod. Ringane symboliserer kanskje sola.