Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Finlands president - Wikipedia

Finlands president

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Finlands president er vald av det finske folket. Han eller ho styrer Finlands utanrikspolitikk og er øvstekommanderande over det finske forsvaret. Han eller ho utnemnar også dei øvste embedsmennene og dommarane i høgsterett.

Det er forventa at republikkens president skal fungere som ein meglar og formidlar mellom partia. Trass i dette er det døme på at nokre av Finlands presidentar har brukt stillinga si til å fremje posisjonen til sitt eige parti.

Republikkens president blir vald i direkte val i to omgangar med seks års mellomrom. Viss ein av kandidatane får over halvparten av røystene i første omgang blir han eller ho vald til president direkte. Viss det ikkje er tilfelle går dei to kandidatane med flest røyster attom seg til ein andre valomgang, der den som får flest røyster vinn.

Tidlegare vart presidenten vald etter eit valmannssystem. Dei røysteføre valde valmenn etter forholdstalsmetoden (den såkalla d'Hondt-metoden), og deretter valde valmennene president etter eit relativt komplisert system.

Etter at Mauno Koivistos presidentperiode var over (1994) vart talet på valperiodar presidenten kan sitje avgrensa til to. Bakgrunnen for endringa var at Urho Kekkonen hadde vore president i over 25 år, noko som hadde først til at presidentens stilling etter manges meining hadde vorte for sentral.

Etter den gamle finske grunnlova (1919-2000) utnemna også republikkens president personen som skulle danneregjering (i praksis statsministaren), og han kunne oppløyse parlamentet og skrive ut nyval. Etter den nye grunnlova (i kraft frå og med 1. mars 2000) kan republikkens president ikkje lenger bestemme desse spørsmåla aleine.

Den finske presidenten har tenestebustad i Helsingfors, på Talludden i Mejlans. Sommarbustaden er Guldstranden (Kultaranta) i Nådendal.

[endre] Den finske republikkens presidentar

  1. Kaarlo Juho Ståhlberg (1865 - 1952), president (1919 - 1925)
  2. Lauri Kristian Relander (1883 - 1942), president (1925 - 1931)
  3. Pehr Evind Svinhufvud (1861 - 1944), president (1931 - 1937 )
  4. Kyösti Kallio (1873 - 1940), president (1937 - 1940)
  5. Risto Heikki Ryti (1889 - 1956), president (1940 - 1944)
  6. Carl Gustaf Emil Mannerheim (1867 - 1951), president (1944 - 1946 )
  7. Juho Kusti Paasikivi (1870 - 1956), president (1946 - 1956)
  8. Urho Kaleva Kekkonen (1900 - 1986), president (1956 - 1981)
  9. Mauno Henrik Koivisto (fødd 1923), president (1981 - 1994)
  10. Martti Oiva Kalevi Ahtisaari (fødd 1937), president (1994 - 2000)
  11. Tarja Kaarina Halonen (fødd 1943), president (2000 -)

Dei følgjande presidentvala har av ulike grunnar vorte gjennomført på måtar som skil dei frå andre presidentval: Ved det første presidentvalet i 1919 var det parlamentet som valde president (Ståhlberg), det same gjorde det etter at Mannerheim gjekk avi 1946 (Paasikivi). I presidentvala under Den andre verdskrigen, 1940 (Ryti, berre for tre år) og 1943 (Ryti) fungerte valmennene som hadde blitt valde i 1937. Etter at Risto Ryti gjekk av i 1944 vart marsalk Mannerheim utnemd til president ved lov, og i 1973 vart Urho Kekkonen sin presidentperiode forlenga for fire år (1974-78) med hjelp av ein unntakslov.

Etter at presidentperioden er over får den tidlegare presidenten tittelen "president", og dette hedersnamnet har han eller ho rett til å bere livet ut.

[endre] Eksterne lenkjer

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com