Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den russiske føderasjonens kommunistiske parti (russisk Коммунистическая партия Российской Федерации, Kommunistitsjeskaja partija Rossijskoj federatsii, KPRF) er eit politisk parti i Russland. Det vart stifta i 1990 som ei samanslutning av medlemer i Sovjetunionens kommunistiske parti i den russiske føderasjonen. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart KPRF i realiteten det sovjetiske kommunistpartiet sin etterfylgjar. Det har sidan vore eit av dei største partia i Russland, og eit av dei få som har ein reell landsdekkjande partiorganisasjon, men har aldri site ved makta. Leiaren sidan 1993 er Gennadij Ziuganov. Ved det siste russiske parlamentsvalet, i 2003, vart KPRF det nest største partiet med 12,6 % av røystene. Ved det siste russiske presidentvalet, i 2004 var KPRF sin kandidat Nikolaj Kharitonov som fekk 13,7 % av røystene.
[endre] Valresultat for KPRF
Val til dumaen 1993-2003
|
|
|
|
Presidentval
|
[endre] Eksterne lenkjer