Dei tre nornene
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei tre nornene var i norrøn gudelære tre lagnadsgudinner som heitte Urd, Skuld og Verdande. Dei sat ved brunnen Urdarbrunn under Yggdrasil og spann på lagnadsveven, som synte lagnaden til alle menneske og æsene.
Dei tre lagnadsgudinnene står for fortid (Urd), notid (Skuld) og framtid (Verdande). Nornene var alltid til stades når eit barn vart fødd. Dei avgjorde lagnaden til barnet. Det var mange norner i den norrøne mytologien, men desse tre sto over dei andre nornene.