Norrøn gudelære
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norrøn gudelære er læra og historiane om kreftene, gudane og verdsbiletet ein trudde på i Norden i norrøn tid, det vil seia mellom folkevandringstida og kristninga av landet.
Ettersom ein hadde lite skriftleg litteratur i det norrøne samfunnet, har me no bare brotstykke som kan gje oss eit bilete av kva vikingane trudde på. Hovudkjelda er Snorre Sturlason, som skreiv eit oversyn over mytologien i Den yngre Edda, og ei samling eldre dikt, hovudsakleg frå Den eldre Edda. Problemet med Snorre Sturlason er at han skreiv lenge etter at Island var kristna, sjølv var kristen, og kan ha gjort om på eller mistolka mytologien på grunn av dette. Problemet med dei eldre bevarte gudedikta er at dei rekner med mykje bakgrunnskunne frå tilhøyraren. Det er altså mykje me ikkje veit eller forstår i den norrøne mytologien, men nokre hovudpunkt har me funne ut av.
Innhaldsliste |
[endre] Det norrøne verdsbiletet
Den norrøne verda var delt inn i Åsgard, som var heimen til gudane og låg midt i verda, Midgard, der menneska budde midt imellom, og Utgard eller Jotunheimen, der jotnane budde. Midt i verda stod aska Yggdrasil, verdstreet.
[endre] Korleis verda blei til
Det einaste som fanst i verda i byrjinga var kulde og varme. Det kalde Niflheim låg i nord og det kokande Muspelheim i sør. Det tomme svelget Ginnungagap låg imellom. Etterkvart fekk varmen frå Muspelheim noko av isen til å smelta, og av dette oppstod to vesen, kjempa Yme og kua Audhumla.
Yme blei opphavet til alle jotnane medan Audhumla slikka fram Bure, far til alle æsane, frå ein stein. Ein av æsane var Odin, som saman med brørne sine Vilje og Ve prøvde å utrydda Yme og slekta hans. Dei klarte å drepa kjempa, og laga vår verd av kroppen hans, men nokre av jotnene kom seg unna. Odin og brørne hans skapa sidan dei første menneska, Ask og Embla, frå to stokkar drivved.