Brunt-Väisälä frekvensen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brunt-Väisälä frekvensen eller oppdriftsfrekvensen blir brukt i atmosfærisk dynamikk eller oseanografi om frekvensen som ein pakke vil svinge opp og ned med rundt likevektspunktet i eit statisk stabilt luft- eller vasslag.
- , der θ er potensiell temperatur, g er den lokale tyngdeakselerasjonen og z er høgda.
[endre] Kontekst
Dynamiske prosessar der Brunt-Väisälä frekvensen blir brukt er adiabatiske og innafor stabile lagdelte hydrostatiske væsker. Visst ein pakke blir forskyvd vertikalt i ei slik væske, vil den aksellerere tilbake til utgangspunktet på grunn av oppdriftskrafta. Visst omgivnadane hadde vore statisk ustabile ville ikkje pakken ha gått tilbake til utgangspunktet, men i staden halde fram i den retninga pakken blei forskyvd.