Bergljot Hobæk Haff
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergljot Hobæk Haff (fødd 1. mai 1925 i Botne i Vestfold) er ein norsk forfattar.
Ho er utdanna lærar og budde i mange år i Danmark. Debutromanen Raset kom i 1956 og fekk ei god mottaking hjå kritikarane. Bergljot Hobæk Haff fekk Kritikarprisen i 1962 for Bålet og igjen i 1996 for Skammen, og ho er ein av berre eit fåtall forfattarar som har fått denne høgthengande prisen to gonger, og den einaste med så stort tidssprang mellom dei to utdelingane. Det fortel om eit langt forfattarskap, men mest om at ho heile tida har skreve bøker av høg litterær kvalitet. Mange av romanane hennar er omsette til fleire andre språk.
[endre] Prisar
- 1962 - Kritikarprisen for Bålet
- 1962 - Gyldendals legat
- 1975 - Gyldendals jubileumspris
- 1985 - Doblougprisen
- 1988 - Det norske Akademi for sprog og litteraturs Ærespris
- 1989 - Aschehougprisen
- 1990 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Den gudommelige tragedie
- 1993 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Renhetens pris
- 1995 - Amalie Skram-prisen
- 1996 - Brageprisen
- 1996 - Riksmålsforbundets litteraturpris
- 1996 - Kritikarprisen for Skammen
- 1998 - Anders Jahres kulturpris
[endre] Romanar
Alle bøkene er komne ut på Gyldendal Norsk Forlag i Oslo.
- 2004 Attentatet
- 2002 Den evige jøde
- 1999 Sigbrits bålferd
- 1996 Skammen
- 1992 Renhetens pris
- 1989 Den guddommelige tragedie
- 1983 Jeg, Bakunin
- 1977 Gudsmoren. En menneskelig komedie
- 1974 Heksen
- 1971 Sønnen
- 1969 Den sorte kappe
- 1965 Skjøgens bok
- 1962 Bålet
- 1960 Du finner ham aldri
- 1958 Liv
- 1956 Raset
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |