Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 10, 2006
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Sirimavo Bandaranaike (17. april 1916–10. oktober 2000), var ein srilankisk politikar og verdas første kvinne vald til å styra eit land. Gjennom eit langt politisk liv blei ho opphøgd til landsmoder og elska av mange, men var òg skulda for maktmisbruk og å så splid mellom dei ulike folkegruppene i landet. Bandaranaike var statsminister i periodane 1960–1965 og 1970–1977, og hadde same stillinga frå 1994 fram til året ho døydde. Dotter hennar, Chandrika Kumaratunga, har vore president i Sri Lanka sidan 1994.