Sogndalsfjøra
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Sogndalsfjøra er kommunesenter i Sogndal kommune. Sogndalsfjøra er ein gamal strandstad, av den typen du finn fleire av i fjordane på Vestlandet: Tett småhusbebyggelse der elva frå ein dal renn ut i fjorden. Andre slike strandstader i Indre Sogn er Vikøyri og Lærdalsøyri. Det heiter frå gamalt at det var tre stader Gud gløymde då han skapte jorda, og det var nettopp desse strandstadene som er nemnde her. I dette ligg det ei oppfatning om at det ikkje berre var Guds beste born som budde der. Og det er det vel noko rett i. Strandstadane vaks fram då det ikkje lenger var plass til alle på gardane, særleg utover 1700-talet, og for mange av dei som budde der var det trangt om levemåten. Gjest Bårdsen, fødd 1791, vaks opp i Sogndal med si einslege mor. Då Ivar Aasen vitja Sogndalsfjøra midt på 1800-talet tykte han ikkje alt var like tiltalande.
Difor er det kanskje eit paradoks at Sogndalsfjøra i byrjinga av det 21. hundreåret først og fremst er ein stad for utdanning. Med 2000 studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og 7-800 elevar i vidaregåande skular er Sogndalsfjøra desidert den viktigaste studiestaden i Sogn og Fjordane, og ved sida av Volda og Stord dei einaste stadene av dette slaget på det sentrale Vestlandet utanom Bergen. Elles er Sogndalsfjøra tilhaldsstad for fotballklubbane Sogndal og Fjøra, Lerums saft- og syltetøfabrikk og eit regionalt handelssenter.
Klimaet i Indre Sogn er vidt forskjellig frå Vestlandskysten. Årsnedbør i Sogndalsfjøra er 1000 mm, altså litt meir enn Oslo og kring 40% av Bergen. Temperaturmessig er det lengre og kaldare vintrar enn på kysten og varmare og turrare somrar. I desse indre fjordbygdene kan det bli svært varmt mellom fjella. Eit teikn på det er at det fram til midten av forrige århundre vart dyrka tobakk både i Sogndal og andre nabobygder.
Sogndalsfjøra har svært gode vilkår for friluftsliv heile året. 10-12 minuttars biltur frå sentrum kan du spenna på skia i alle fall 4-5 månader i året. Innan ein times biltur frå Sogndalsfjøra er du ved startpunktet for fotturar til 40 fjelltoppar som er høgre enn 2000 moh. Jostedalsbreen når du frå dei fleste kantar med kortare køyring.