Diskusjon:Verdas land
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre] Statar eller land?
Både India, Russland og USA er sjølvstendige statar, sjølv om dei er sette saman av ulike delstatar. Stat vert ofte brukt med tydinga land, sjå t.d. bokmåls- og nynorskordbøkene.
Elles kunne me kanskje ha flytta lista til "Verdas land", slik eg ser t.d dansk wikipedia har. Det ser litt finare ut og er kanskje òg meir intuitivt. -- Ranveig 3. jan 2005 kl. 16:10 (UTC)
- OK, eg var usikker på om USA, India osb. var statar. (Bokmåls- og nynorskordboka hjelpte ikkje i so måte.) Men eg er for flytting til Verdas land, òg av di eg ikkje likar artiklar med ordet "Liste" i tittelen. Eg tykkjer lister bør koma som ein naturleg del av emnet i ein artikkel (som Verdas land), ikkje som eigne oppslagsord under bokstaven L. Men eg veit at det er vanleg praksis i nesten alle Wikipediaar å laga "Liste over..."-artiklar, so eg godtek det her òg.
- --Verdlanco (diskusjon) 3. jan 2005 kl. 17:53 (UTC)
-
-
- Eg trur at lister kanskje er ein rest frå tida før kategoriar. Dei kan vera fine å ha dersom ein manglar artiklar i eit sett, eller treng å skapa eit oversyn. Men som regel går det an å kalla dei noko anna enn lister.
-
-
-
- Det går forresten an å sortera artiklar i kategoriar under den bokstaven du vil. Skriv [[Kategori:Lister|Statar]], til dømes, så kjem lista under S. -- Ranveig 3. jan 2005 kl. 18:31 (UTC)
-