Vágar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vágar er den tredje største av dei 18 øyane som utgjer øygruppa Færøyane. Ho har ei flatevidd på 177,6 km² og 2 782 innbyggjarar (31. desember 2002). Her finn ein den internasjonale (og einaste) flyplassen på Færøyane.
[endre] Geografi
Vágar ligg vest for hovudøya Streymoy, og har sidan 2002 hatt vegsamband med denne gjennom den fire kilometer lange Vágartunnelen. Denne tunnelen er det hittil mest prestisjefylte byggeprosjektet i færøysk historie, og har korta ned reisetida mellom flyplassen og hovudstaden.
Vest for Vágar ligg Tindhólmur og fugleparadiset Mykines. Dei to største vatna på Færøyane ligg på Vágar; Sørvágsvatn og Fjallavatn.
Høgaste fjellet på øya er Árnafjall (722 moh).
[endre] Bakgrunnsstoff
- Designphoto.fo - 360°-Panorama Sørvágsfjørður (Java-applet)