Utvandringa til Amerika
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utvandringa frå Noreg til Amerika gjekk føre seg i perioden 1825-1920. Fram til 1836 var utvandringa moderat og til dels dominert av religiøse og politiske minoritetar. Dei store utvandringsbylgjene starta på 1860-talet. Om lag 800.000 nordmenn utvandra til Amerika. Motivet for masseutvandringa var svært samansett: Fattigdom, undertrykking, klassedeling, overbefolkning og næringsmessige reguleringar i Noreg forutan eventyrlyst og rykter om billig jordbruksland i Amerika.