Tronfjellet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tronfjellet eller Tronn er eit fjell aust for Glomma, og på grensa mellom Alvdal og Tylldal i Nord-Østerdal i Hedmark fylke.
Det særs dominante 1666 meter høge fjellet har all tid vore værprofeten for nørdre Østerdalen, i mellomaldaren vegvisar for pilgrimsvandring, som defrå gjekk beint på Forrolhogna i nord. Namnet er utolka, nokre språkfolk meiner at det kjem av at fjellet låg på grensa for det gamle Trøndelag. Den indiske filosof og diktar Sri Ananda Acharya er gravlagd på toppen, der det idag er ein kraftig krinkastingssendar.