Termosfæren
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Termosfæren er eit lag av atmosfæren til Jorda, og ligg mellom mesosfæren og eksosfæren. I dette laget fører ultrafiolett stråling til ionisering (sjå òg ionosfæren). Termosfæren kjem frå det greske ordet θερμός (thermos) som betyr varme.
Temorsfæren startar 85 km over jordoverflata. Over dette nivået vil dei atmosfæriske gassane ikkje lenger vere uniformt utblanda, som dei er ved lågare høgder, men endre konsentrasjon med høgda ut i frå den molekylære massen (sjå turbosfæren). Temperaturen i termosfæren aukar med høgda fordi dei små mengdene med oksygen som finns i laget absorberer solstråling med høg energi. Kor høg temperaturen kan bli er avhengig av aktiviteten på sjølve Sola, og kan bli så høg som 2000°C. Strålinga fører til at luftpartiklane i dette laget blir elektrisk lada (sjå ionosfæren), og fører til at radiobølgjer blir reflektert. Dette gjer at radiobølgjer kan sendast forbi horisonten. Eksosfæren ligg over termosfæren, og i dette laget, som byrjar mellom 500 til 1000 km over jordoverflata, går atmosfæren gradvis over til det ytre rom. Dei få gasspartiklane som finns øvst i termosfæren kan nå ein temperatur på 2500°C om dagen. Sjølv om temperaturen blir så høg, vil ein ikkje kunne føle denne varmen. Eit termometer ville ha målt langt under 0°C fordi avstanden mellom molekyla er stor her.
[endre] Sjå òg
- Karmanlinje
Troposfæren | Stratosfæren | Mesosfæren | Termosfæren | Eksosfæren |
Ozonlaget | Turbopause | Ionosfære |