Tamil Nadu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hovudstad | Chennai |
Flatevidd
- Rangering i India |
130 058 km² 11 |
Folketal (2001) - Rangering i India |
62 110 839 6 |
Grunnlagd | 18. juli 1967† |
Offisielle språk | Tamil |
Guvernør Øvste minister |
Surjit Singh Barnala M Karunanidhi |
Nettstad | tn.gov.in |
† Grunnlagd 1773, gjeve namnet Tamil Nadu den 18. juli 1967[1] |
Tamil Nadu (tamil தமிழ் நாடு tamiḷ nāḍu, 'tamillandet') er ein delstat lengst sør i India. Som namnet viser var delstaten laga for å bli heimlandet til alle tamilar i India. Som andre indiske delstatar har Tamil Nadu sitt eige parlament og ein stor grad av sjølvstyre over indre politikk.
[endre] Historie
- Sjå og: Tamilar
Dei tamiltalande områda var ikkje ein del av dei store indiske rika det meste av tida. Dei blei første inkluderte i India i den britiske tida, då alle britiske eigedommar i sør-India blei samla i ein delstat i Britisk India. Delstaten vart kalla Madras-presidensi etter Madras (moderne namn Chennai) som var hovudbyen. Madras-presidensiet inkludert nesten alle av dei tradisjonelle tamilske områda i India, men også delar av moderne Andhra Pradesh, Karnataka, og Kerala.
Tamil Nadu blei danna etter det indiske sjølvstendet av dei tamiltalande delane av Madras-presidensi. Delstaten heitte 'Madras' inntil 1968, då namnet vart endra til Tamil Nadu. På tamil er det vanlegare å bruka det tradisjonelle namnet «Tamilakam» som tyder ‘tamilheim’. Det er også vanleg å kalla den lokale staten «Tamil arasu» (‘den tamilske staten’) i staden for det offisielle «Tamil natu arasu» (‘staten til Tamil Nadu’).
[endre] Politikk
Tamilparlamentet har 234 medlemmer, som er valde for ein 4-årsperiode med majoritetsrøysting. I tråd med Westminister-modellen blir staten styrt av ein sjefminister, som er regjeringssjefen, og andre ministrar, som alle må vera medlemmer av tamilparlamentet. Tamil Nadu sender også 39 medlemmer til det indiske parlamentet, som også blir valde med direkte majoritetsrøysting i 39 valkrinsar. Tamilar er veldig stolte av språket og kulturen sin, og tamilpolitikk har veldig mykje å gjera med språk- og kulturpolitikk. Tamil Nadu har som følgje av dette sine eigne politiske parti som dominerer over tamilpolitikk, medan indiske politiske parti nesten ikkje har spelt nokon rolle sidan 1967.
India: Delstatar og territorium | |
---|---|
Andhra Pradesh | Arunachal Pradesh | Assam | Bihar | Chhattisgarh | Goa | Gujarat | Haryana | Himachal Pradesh | Jammu og Kashmir | Jharkhand | Karnataka | Kerala | Madhya Pradesh | Maharashtra | Manipur | Meghalaya | Mizoram | Nagaland | Orissa | Panjab | Rajasthan | Sikkim | Tamil Nadu | Tripura | Uttaranchal | Uttar Pradesh | Vest-Bengal | |
Forbundsterritorium: Andamanøyane og Nikobarane | Chandigarh | Dadra og Nagar Haveli | Daman og Diu | Lakkadivane | Puducherry | |
Hovudstadsterritorium: Delhi |