Svartmeis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre] Svartmeis
Svartmeisa (Parus ater) lokkar tynt og fløytende bl.a. "tuii, tuii si tuu" eller "stii!" Songen liknar litt på kjøttmeisa, men tonane er lysare, meir vemodsfylte: "ti-du-vii ti-du-vii, ti-vitt", eller med tydelig s-lyd, "ti-vits ti-vits"
Den er alminneleg i barskog (særleg gran) nord til Saltdalen og Fausketraktene, den er tilfeldig i Finnmark. Den har økt i anntal på vestlandet pga. bartreplanting.
Svartmeisa er den einaste som regulært hekkar i holrom på bakken eller i fjellsprekkar, men også i treholer og liknande. Hoa byggjer reiret av mose, ull og hår. Ho legg 8-9 (7-11) kvite egg med raudbrune flekkar. Den får 1-(2) kull i april-mai og juli-august. Hannen rugar i 14-18 dagar og ungane si reirtid er 16-19 dagar. Svartmeisa et frø- og insekt og hamstrar næring. Den er stand- og streiffugl, invasjonsfugl. Ungfuglen liknar på foreldra.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne artikkelen manglar ein taksoboks. Du kan leggja ein til sjølv ved å følga desse retningslinene. |