Stille
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For (eit) «stille» i tydinga ‘stemming av instrument’, sjå skordatur.
Ei stille er eit totalt eller relativt fråver av lyd eller rørsle. Omgrepet vert ofte brukt for å skildra det motsette av bråk. Stille kan òg brukast i samband med manglande rørsler i luft eller vatn, som i «vindstille» eller «å ro ut på stilla». Som adjektiv kan stille vise til alle typar fråver av lyd eller rørsler.
[endre] Stille i samfunnet
Stille vert gjerne rekna som noko positivt, som i uttrykket «fred og ro». Ein seier mellom anna at folketomme stadar, langt frå bilar og byar, er stille, fordi lydane som finst der ikkje trengjer seg på.
Stille mellom menneske kan bli oppfatta både som pinleg og god. I mange kulturar er det slik at om fleire menneske er samla, så føler dei at dei bør seia noko for å halda stemninga god. Men i nokre samfunn, til dømes blant nokre amerikanske urfolk, vert det rekna som høfleg å halda stilla ei stund før ein seier noko — som regel for å lata alle tenkja gjennom det som er blitt sagt eller skal seiast.
Det er òg vanleg å bruka stiller for å markera sorg eller medkjensle etter dramatiske dødsfall som offer for ulukker eller krigar. Dette kan vera ei stor markering som skjer i eit heilt eller fleire land, til dømes på minnedagen om den første verdskrigen, eller det kan vera ei lokal markering frå ei einsleg gruppe.
[endre] Stille i musikken
Ei av dei mest kjende stillene er komponisten John Cage sitt verk 4'33" frå 1952. Dette verket består av 4 minutt og 33 sekund der musikarane ikkje gjer noko som helst. Likevel er det ikkje heilt stille under framføringar, ettersom ein stadig høyrer lydar frå publikum og utsida av konsertsalen. Cage sitt poeng var kanskje at total stille ikkje fanst.
[endre] Stille i meteorologien
Vindstille vil seia at ingen vind bles — røyk stig rett opp og vatn er spegleblankt. Dette fenomenet har namnet stille og talverdien 0 på beaufortskalaen.