Sogndalsstrand
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sogndalsstrand er ein tettstad i Sokndal kommune i Rogaland fylke. Staden vaks fram som handelsstad og ladestad på 1800-talet. Folketalet nådde toppen kring 1860 då det var kring 500 fastbuande. Staden ligg ved havet, og har vore nært knytt til sjøfart. Etter kvart flytta det meste av verksemda vekk frå Sogndalsstrand. Dei gamle husa er etter kvart vorte restaurerte, og det vert satsa på turisme.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |