Sinclair ZX80
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sinclair ZX80 | |
---|---|
Type | Heimedatamaskin |
Utviklar | Sinclair Research |
Lansert | 1980 |
Produksjonstopp | 1981 |
Prosessor | Z80, 3.25 MHz |
Minne | 1 KB, (16 KB maks) |
Operativsystem | Sinclair BASIC |
Det var ZX80 som starta heimedatamaskin-eventyret i England. Då Sinclair lanserte denne maskina i 1980, var det den minste og billigaste ein kunne få tak i. Den vart solgt i 70 000 eksemplar og fanns både som sjølvbyggjarsett og ferdigbygga.
ZX80 hadde ganske moderate spesifikasjonar: 4 KB ROM og 1KB RAM. Prosessoren var ein Zilog 80-kompatibel NEC 780-C på 3,25 MHz. Operativsystemet var Sinclair BASIC, ein variant av programmeringspråket BASIC.
Den hadde eit noko spesielt BASIC-tilpassa tastatur. Det einaste ein behøvde for å skrive kommandoen PRINT, var å trykkje bokstaven P.
Grafikkbrikka i ZX80 var ganske enkel og i prinsippet var det prosessoren som genererte videosignala, så lenge den ikkje var opptatt med noko anna. Sjølv det å skrive på tastaturet gjorde at skjermen blinka for kvart teikn.
ZX80 vart etterkvart erstatta av ZX81.
Mikrodatamaskinar frå Sinclair Research Ltd. |
ZX80 | ZX81 | ZX Spectrum | Sinclair QL |