Schleswig
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
-
- Sjå òg Schleswig i Iowa, ein by i USA
Byvåpen | Kart |
---|---|
Basisdata | |
Bundesland: | Schleswig-Holstein |
Landkrins: | Schleswig-Flensburg |
Flatevidd: | 2430 km² |
Folketal: | 24 237 (31. desember 2004) |
Folkesetnadstettleik: | 997 pr km² |
Postnummer: | 24837 |
Adresse til byadministrasjonen: |
Rathausmarkt 1 24837 Schleswig |
Nettstad: | www.schleswig.de |
E-post: | stadt@schleswig.de |
Politikk | |
Borgarmeister: | Thorsten Dahl (partilaus) |
Byen Schleswig avmerka i Schleswig-Flensburg | |
Schleswig (dansk: Slesvig, latin: Sliaswig, nedertysk: Sleswig) er i hovudby i landkrinsen Kreis Schleswig-Flensburg (Slesvig-Flensborg) nord i Schleswig-Holstein ved fjorden Schlei (Slien). Fjordnamnet inngår i bynamnet, som kjem av dansk og tyder vika ved Slien. Byen vaks fram på nordsida av fjorden etter at vikinghandelsplassen Hedeby vart oppløyst kring 1050. Byen mista allereie i tidleg i mellomalderen statusen som handelsby til Lübeck. Trass i dette hadde byen høg politisk og religiøs status, som hovudby i regionen Slesvig. Fleire gonger vart det bygd ut forsvarsverk med borg og bymur, seinast med Gottorp Slot, som samstundes var sete for hertugane av hertugdømet Slesvig (Herzogtum Schleswig). Domkyrkja i byen, Schleswiger Dom (Sankt Petri kirke), vart bygd i i tida frå 1100-talet til 1400-talet. Domkyrkja har frå slutten av 1800-talet hatt det høgaste kyrkjetårnet nord i Tyskland. I og ved kyrkja er det ymse gravmonument og minne om dansk-tysk samband. Kong Niels av Danmark skal vera gravlagd i kyrkja. Det finst eit dansk mindretal i Schleswig, og i byen finst det ymse lag der danskar samlast. Etter den andre slesvigske krigen i 1864 vart styringa av Slesvig teke over av Preussen. Danmark måtte avstå Holstein, Lauenburg og heile hertugdømet Slesvig, slik at den dansk-tyske grensa gjekk ved Kongeå. Etter første verdskrig var det ei folkerøysting i 1920. Etter folkerøystinga vart Nord-Slesvig ein del av Danmark, medan Sør-Slesvig med byen Schleswig vart ein del av Schleswig-Holstein i Tyskland.