Sandeid kommune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandeid var tidlegare ein sjølvstendig kommune i Rogaland. Sandeid vart skild ut frå Vikedal formannskapsdistrikt 1. januar 1923. Det vart då 558 innbyggarar i den nye kommunen.
Sandeid var sjølvstendig kommune fram til januar 1965. Då vart kommunen slegen saman med delar av Skjold, Vats, Imsland og Vikedal til den nye Vindafjord kommune. Ved samanslåinga budde det 876 personar i Sandeid kommune.