Sali Berisha
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sali Ram Berisha, fødd 15. oktober 1944 i Vicidol nær grensa til Kosovo, er ein albansk politikar, og statsminister i Albania sidan 3. september 2005. Han var president i Albania frå 9. april 1992 til juli 1997. Han har vore med i leiarskapet i høgrepartiet Partia Demokratike e Shqipërisë (Albanias demokratiske parti) sidan grunnleggjinga i 1991. Partiet hans fekk 55 av dei 140 plassane i parlamentet ved parlamentsvalet i juli 2005, og regjerer som det største partiet i ei koalisjonsregjering.
Føregjengar: Ramiz Alia |
President i Albania |
Etterfylgjar: Rexhep Meidani |
Føregjengar: Fatos Nano |
Statsminister i Albania (2005–)
|
Etterfylgjar: |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |