Søppel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søppel, avfall eller boss er restar eller ting ein kastar fordi ein ikkje kan bruka eller vil ha dei lenger.
Søppel blir ofte samla inn av eit renovasjonsvesen eller av uformelle søppelsamlarar. Det som ikkje blir skild ut til å brukast omatt eller komposterast kan gå til gjenvinning, forbrenning eller ei fylling.
Ein skil mellom husholdningsavfall og næringsavfall. Spesialavfall er avfall som ikkje kan handsamast saman med anna avfall, anten på grunn av storleiken eller fordi det kan føra til alvorlege ureiningar.
Avfall frå tidlegare tider blir brukt av arkeologar for å finna ut noko om korleis dei som laga det levde.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Avfall og gjenvinning på Miljøstatus i Norge
- Statistisk sentralbyrå - avfallsstatistikk
- Statens forurensningstilsyn - farlig avfall
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |