Séder
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For treslaget seder, sjå sedertre.
Ein séder (hebr. סֵֽדֶר [sēder]), fleirtal sedarím, tyder ‘ei rekkje’, ‘ein serie’ eller ‘ein orden’. Dette ordet blir i samband med jødedommen bruka i fleire samanhengar:
- Askenasiske jødar kallar det jødiske påskemåltidet «séder».
- «Séder tefillót», ordrett omsett ‘rekkje av bøner’ er eit av fleire synonym for ‘jødisk bønebok’ — sjå siddúr.
- «Séder» er òg namnet på kvar av dei seks seriane av massekhtót som til saman utgjer Misjná og dei verka som er utleidde av Misjná — sjå Misjná.