Roger Federer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roger Federer (f. 8. august 1981) er ein sveitsisk tennisspelar. Han har vunne 9 Grand Slam-titlar og 41 turneringssigrar i single.
Federer er fødd i Basel. I 1999 vart han den yngste spelaren som har vorte rangert blant dei 100 beste spelarane i verda. I 2000 kom han til den fyrste finalen sin i ei ATP-turnering.
I 2002 vann han tre ATP-turneringer og enda det året som nummer seks på verdsrankinga. I 2003 vann han sju ATP-titlar, inkludert den fyrste Grand Slam-tittelen sin. Det var i Wimbledonturneringa, der han slo Andy Roddick i semifinalen og Mark Philippoussis i finalen.
I 2004 vann Federer heile 11 ATP-titlar, inkludert tre Grand Slam-titlar. Størstedelen av sesongen (frå februar) var Federer rangert som nummer ein i verda. I 2005 tangerte Federer prestasjonen med 11 ATP-titlar, inkludert to Grand Slam-sigrar. Dette året var han rangert som verdseinar gjennom alle vekene.
Roger Federer har åtte turneringssigrar til no i 2006-sesongen, mellom andre Australian Open og Wimbledon.