Roger D. Kornberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roger David Kornberg (fødd 1947 i Missouri i USA) er ein amerikansk vitskapsmann og professor i strukturbiologi. Han arbeider no ved Stanford University i California.
Han vart tildelt Nobelprisen i kjemi for 2006 for studiane sine av korleis informasjon i gena vert kopiert og overført til dei delane av cellene som produserer protein. Far hans, Arthur Kornberg fekk Nobelprisen i medisin i 1959.
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |