Radionette
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radionette var ein norsk radiofabrikk og radiovaremerke. Selskapet vart stifta av Jan Wessel, i 1927, som A/S Jan Wessels Radiofabrikk.
Firmaet var det fyrste i Noreg som starta produksjon av radioer for tilknytning til kraftnettet (lysnettet). Tidlegare radioapparat hadde nytta batteri, så Radionette sine apparata revolusjonerte radiomarknaden. Etterspurnaden var så stor at fabrikken måtte utvidast ikkje så lenge etter at produksjone var komen i gång. Den mest populøære modellen var Kurér, som i perioden 1950-1959 vart produsert i 700 000 eksemplarar.
- Dotterseselskap: Radio Visjon A/S (produksjonsføretak)
- Radionette vart lagt saman med Tandbergs Radiofabrikk i 1972.
[endre] Radiomodellar
- Verdensmottager
- Elite 3
- Kompass
- Verdenssuper
- Jubileumssuper
- "Alle land" superen
- Heimskringla
- Havsuperen
- Forum
- Auditorium
- Symfoni
- Solist
- Kurér
- Junior
- Menuett
- Transauto
- Combi- Star
- Kvartett
- Kvintett
- Duett