Rødt!
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rødt! er tidsskriftet til Arbeidernes Kommunistparti. Fram til 2005 heitte tidsskriftet Røde fane. Rødt! er frå same tidspunkt òg forlaget til Akp. Rødt! kjem ut med 4 ordinære nummer i året. Redaktør er Erik Ness. Dei andre i redaksjonen er Birger Thurn-Paulsen, Taran Anne Sæther, Arne Hedemann, Mathias Bismo, Ingrid Baltzersen, Claus Fischer, Joakim Netland, Live Fagereng, Rolv Rynning Hanssen (registeransvarleg) og Jørn-Tomas Larsen (rekneskapsførar).
Røde Fane vart grunnlagt i 1969 av utbrytarar frå NKP. Frå skipinga av Akp(m-l) har tidsskriftet vore knytta til dette partiet.
[endre] Forlagsverksemd
Rødt! har gjeve ut følgjande bøker:
- Erling Folkvord - Urent Farvann! (2006)
- Johan Petter Andresen og Arnljot Ask - Nepal i dag - folkekrig for demokrati og jordreform (2006)
- Erling Folkvord - Stopp tjuven! en redningsaksjon for velferdsstaten (2005)
- Research Unit for Political Economy, Mumbai, India - Krigen mot Irak - motivene bak (2003)
[endre] Eksterne lenkjer
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |