Per Albin Hansson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Albin Hansson (1885–6. oktober 1946), var ein svensk politikar. Han var leiar for sosialdemokratane, Socialdemokratiska arbetarpartiet, og sat som svensk statsminister i fire regjeringar i tidsromet mellom 1932 og 1946. Ei av desse regjeringane var koalisjonsregjeringa som vart danna under andre verdskrigen. Regjeringa under krigen inkluderte alle dei store partia, med unntak av kommunistpartiet.
Då verdskrigen tok til, lét Hansson, som frykta at også Sverige skulle bli invadert, tyske troppar reisa gjennom landet til okkuperte Noreg og Finland.
Politisk arbeida Hansson for innføringa av velferdsstaten som han omtalte som Folkhemmet.
Han døydde i Stockholm av hjarteslag medan han gjekk av trikken, det vanlege framkomstmiddelet sitt, på Ålstens Gård station. Han er gravlagd på Norra begravningsplatsen i Stockholm.
[endre] Sjå òg
- Sverige under andre verdskrigen
- Per Albin Line
Føregjengar: Felix Hamrin |
Svensk statsminister (1932–1936)
|
Etterfylgjar: Axel Pehrsson (Bramstorp) |
Føregjengar: Axel Pehrsson (Bramstorp) |
Svensk statsminister Regjering II-IV (1936–1949)
|
Etterfylgjar: Tage Erlander |
Føregjengar: Hjalmar Branting |
Leiar av det svenske sosialdemokratiske partiet (1925–1946)
|
Etterfylgjar: Tage Erlander |