Otho av Romarriket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keisar Otho | |
Opphavleg namn | Marcus Salvius Otho |
Namn som keisar | Imperator Marcus Otho Caesar Augustus |
Regjerte | 15. januar 69 - 16. april 69 |
Fødd | 25. april 32 i Ferentinum, Etruria |
Død | 16. april 69 i Brixellum, sør for elva Po |
Dødsårsak | Sjølvmord |
Etterfylgde | Galba |
Etterfylgjar | Vitellius |
Otho, Marcus Salvius Otho, fødd år 32, død 16. april 69 (sjølvmord), var romersk keisar frå 15. januar i firekeisaråret 69.
Otho var ven av keisar Nero av Romarriket. Keisaren oppmoda han til å gifta seg med elskarinna si, den lettsindige Poppaea Sabina. Otho vart send som statthaldar til den romerske provinsen Lusitania. Lusitania omfatta vestlege delar av den iberiske halvøya. Otho var statthaldar i ti år, og synte seg som ein dugleg leiar. Etter at Galba vart keisar, vona Otho på å verta adoptert av keisaren. Då planen slo feil, tok Otho del i ein oppreist mot keisaren. Otho stilde seg i spissen for pretorianargarden, og vart etter mordet på Galba sjølv keisar den 15. januar 69. Han måtte snart kjempa mot ein annan tronkrevjar, Vitellius. I slag nord i dagens Italia ved Bedriacum mot feltherrane Caecina og Valens måtte styrkane til Otho gje tapt. Otho tok livet av seg den 16. april 69. Vitellius etterfylgde Otho som keisar
[endre] Sjå òg
- Revolusjonskeisarane
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |