Or
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Or eller older (Alnus) ei slekt buskar og tre i bjørkefamilien. I Noreg veks to ulike typar, gråor (Alnus incana) og svartor (Alnus glutinosa).
[endre] Utbreiing
Gråor er vanlegast i Noreg og veks over heile landet. Svartor veks langs kysten nord til Namdalen, men er ikkje vanleg i innlandet nord for Mjøsa. Felles for begge artane er at dei trivst i fuktig jord, og dei veks difor ofte langs elvar og bekker. Svartor toler dessutan kystklima godt.
[endre] Bruk
I tillegg til treforedlingsindustrien og som brensel, vart gråor sett på som det beste trevirket for knott brukt i bilar under Den andre verdskrigen.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |