Omlyd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omlyd er ein ikkjesegmental morfologisk prosess med fonologisk assimilasjonsopphav. Vekslingar av typen å sove — han søv, ei nagl — fleire negler er døme på omlyd. Grunnen til at dei bakre vokalane o og a vekslar med fremre ø og e, er at det i urnordisk var ein i i suffikset i andre staving (*sofir, *naglir). I utgangspunktet var dette altså ikkje nokon morfologisk prosess i det heile, men ein fonologisk prosess, ein vokalassimilasjon. Først då suffikset forsvann eller fall saman med andre suffiks som ikkje kravde omlyd, stod omlydsvekslinga att som ein morfologisk operasjon utan fonologisk kontekst. Mens suffikset framleis var til stades, var omlydsvekslinga berre ein sideeffekt av suffikseringa, men etter at suffikset var forsvunne, var det berre vokalvekslinga som skilde ordformer som sov og søv frå kvarandre.
[endre] Sjå òg
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |