Ole Stuevold Hansen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Stuevold Hansen (1834–1919) var ein norsk prest og lokalhistorikar.
Hansen var fødd på Vestre Stuevoll i Tydalen, ei lita grend rett under Skardørene. Han skreiv i 1870 Bygdefortællinger fra Tydalen, ei makelus fjellskildring, der det vidgjetne passet spelar hovudrolla.
Etter først å ha teke lærerareksamen ved Klæbu seminar, vart Hansen i godt vaksen alder sokneprest i Lyngen.
Han var far til juristen og politikaren, statsråd Birger Stuevold-Hansen.