Olav Stedje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Stedje (f. 8. juni 1953) er ein norsk songar og låtskrivar fødd i Sogndal. Stedje er kjend frå ei rekke mjukrock-innspelingar, seks sølvplater og fire forsøk i Melodi Grand Prix. Han fekk sitt verkelege gjennombrot med songen «Vi vandrar saman».
Stedje debuterte med plata Ta meg med (1981) som gav han fleire plasseringar på Norsktoppen med songar som «Vi vandrar saman» og «Når ho er hjå meg». Stedje var også vokalist for musikkgruppa Lava. Derett kom platene Stedje (1982) og Tredje stedje (1983), som med Randi Hansen gav Spellemannsprisen.
Stedje har turnert med Radio Røynda, altså Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Han har hatt Svein Dag Hauge og Jonas Fjeld som produsentar.
I februar 2006 slapp han ei nyinnspeling av «Vi vandrar saman» som først var med på debutplata frå 1981. Dette var eit samarbeidsprosjekt med produsentduoen Agen'da. Tittelen på denne sangen var «Venner (vi vandrar saman)».
[endre] Utgjevingar
- Ta meg med (1981)
- Stedje (1982)
- Tredje stedje (1983)
- Rocken Bom (barneplate, 1984)
- Silje (1984)
- Når sola renn (1986)
- Eg kjem likevel (1987)
- Ei gåve til deg (1990)
- Bot og bedring (Tylden Records, 1995)
- 21 beste (Tylden Records, 1998)
- Du og eg (Tylden Records, 2006)