Olav Aukrust
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Aukrust (fødd 21. januar 1883, død 3. november 1929 var ein lyrikar og diktar frå Lom kommune i Oppland fylke. Han skreiv på sitt eige nynorsknære talemål. Aukrust nytta gjerne lokalområdet som inspirasjon for dei nasjonalromantiske dikta sine.
Fram til 1917 arbeidde han som lærar og etter kvart folkeskulestyrar i Lom. Garden der han var fødd og budde heile livet, Nordgard Aukrust, er open for publikum i turistsesongen. Det vert drive ein stor urtehage på staden, men det er òg mogleg å sjå minne etter Aukrust.