Olav
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav er eit personnamn, eit mannsnamn. Den norrøne navneforma var Ólafr eller Óláfr. Andre former av namnet er Olaf, Olof, Oluf, Olaus. Namnet til Olav den heilage, har òg fleire norske kongar hatt som namn. Namneformene er relativt standardisert etter språk. På norsk vert Olav og Ola nytta. Svensk nyttar oftast Olaf eller Olof.
[endre] Kongar av Noreg med namnet Olav
- Olav I Trygvason eller Tryggvason, konge 969–1000
- Olav II Haraldsson den heilage, konge 1015–1028
- Olav III, Haraldsson Kyrre, konge 1067–1093
- Olav Magnusson, 1103–1110
- Olav IV Håkonsson, konge 1370–1387
- Olav V, konge 1957–1991
På latin vert Olav/Olaf vanlegvis til Olaus (med eller utan tødlar umlaut over "u"). Døme på dette er Olaf Petersson (ein tilhengjar av Martin Luther). På latin er han kjend som Olaus Petri. Olaus Petri var ein av dei fremste preikarane i Sverige i tida kring reformasjonen.
Det er óg fleire svenske kongar som har heitt Olof eller Olaf. Eit døme er Olof av Sverige.
Sjå óg:
[endre] På verdsveven
- Søk etter norsk namnestatistikk for Olav hjå Statistisk Sentralbyrå