Odin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odin var namnet på guden til høvdingane i norrøn gudstru. Gudenamnet er blitt til eit noko uvanleg førenamn, og har òg gjeve namn til Odinfeltet for naturgass i Nordsjøen. Odin er den mektigaste og klokaste av gudane i den norrøne mytologien. Han var hovdingen til gudane, og var òg den guden norrøne hovdingar blòta til.
Foreldra til Odin er Bor og Bestla, medan Ve og Vilje er brørne. Kona er Frigg, med henne fekk han Balder, Hod og Hermod, men ein set òg Frøya i samanheng med han. Han er far til den populære guden Tor, som han fekk saman med Jord (Fjorgyn). Med Rind fekk han Våle, og med Gridr fikk han Vidar.
Odin var opphavleg gud for stormar og natta, men vart seinare forfremma til hovudgud. Han er krigsgud, og gud for visdom, trolldom (seid), runemagi skaldekunst, med meir. Odin er òg gud for kongemakt. I dei norske kongesogene (Heimskringla) vert kongeætta Ynglingeætta ført attende til Odin sin son Frøy (Yngve-Frøy).
Odin sin bustad heiter Valaskjalv. Der sit han i høgsetet Lidskjalv som er slik at han kan sjå heile verda derfrå. Odin eig spjotet Gungne og gullringen Draupne.
Innhaldsliste |
[endre] Valhall
Odin styrer i Valhall. Veggane er laga av spyd, og taket av skjold. Valhall har 540 portar, som alle er så breie at 800 krigarar kan gå gjennom dei. Her samlast alle som har falle i kamp, og dei held fram kjempinga her. I Valhall er det slik at alle som døyr medan dei slæst, kjem til live att, og kan eta og drikka vidare.
Maten får dei frå galten Særimne. Han vert eten kvar dag, men om kvelden er han like heil att. Kokken her heiter Andrimne, og kjelen Eldrimne. Kua Hedrun fyller eit kar med mjød kvar dag, det er rikeleg til alle. Odin sjølv drikk berre vin, det er både mat og drykk. Det er valkyrjene Hrist og Mist som ber drikkehorna til Odin.
Geita Heidrun og hjorten Eiktyrne står på taket av Valhall og et blada frå asketreet Yggdrasil.
[endre] Dyra til Odin
Odin har ein hest, Sleipner, som navigerer verda med sine åtte bein. Ingen hest i verda spring like fort som Sleipner. Han spring på land, på vatn, gjennom fjell og i lufta.
På kvar oksle har Odin ein svart ramn, ramnane heiter Hugin og Munin («Tanken» og «Minnet»). Dei ser kvar einaste rørsle nede på jorda og dei høyrer kvar einaste litle lyd. Ingenting kan haldast skjult for Hugin og Munin.
Odin har to ulvar, Gere og Freke. Begge namna tyder grisk eller grådig.
[endre] Visdomsguden
Odin er mellom anna gud for visdom og kunnskap. Kunnskapen fekk han då han ofra eit auga for å drikka av kunnskapens brunn (Mime sin brunn). Odin er difor einøygd. Ofringa gjorde han for å skjøna den verda han hadde skapt. Mime vart seinare halshoggen, og Odin nytta hovudet til å rådføra seg.
Ein dag var han fortvila over alt han ikkje visste og skjøna. Han måtte ut i verda og auka sin kunnskap. Han stakk spydet sitt i sida for å læra om smerte. Han klatra opp i Yggdrasil og hang der i ni døgn, halvt død, halvt levande. Odin drikk av skaldemjøden. Då viste løyndomane i verda seg for han, og Odin kunne reisa attende klokare enn før.
Slik diktsamlinga Håvamål ligg føre i Den eldre Edda, skal heile Håvamål vera talen til den høge, eller Odin. Odin står stundom fram og gjev råd eller fortel om seg sjølv.
[endre] Korleis Odin skal døy
Dei tre nornene har sett at ved verdas ende, under Ragnarok, skal Odin verta slukt av Fenrisulven. Odin sin son Vidar drep dinest Fenrisulven.
[endre] Odin sine tilnamn
På svensk vert Odin kalla Oden, men på tysk er han Wotan, som er avleia av Wut, raseri. I tillegg har guden mange andre namn eller kenningar, som viser mange eigenskapar og kunner. Han kan omskapa seg til kva det skal vera.
Allfader, Arnhovde, Atrid, Audun, Bileyg (Biløygd), Bivlinde, Båleyg (Båløygd), Bolverk, Brun/Brune, Dresvarp, Farmatyr, Feng, Fjellgeirud, Fjølner/Fjolner, Frafrid, Gaptrosner, Gaut, Gautatyr, Geirolner/Geirlodner, Gest, Gestumblinde, Gizzur, Glappsvinn, Gondler, Grane, Grim, Grimner, Gunnblinde, Ganglere, Gangråde, Geirud, Ginnar, Gråskjegg, Hagvirk, Hangagud, Hangatyr, Henge, Hårbard, Helblinde, Hengekjeft, Herjan, Hermod, Hildolf, Hjelmbære, Hnikar/Nikar, Hnikar-Fjølner, Hnikund/Hnikud, Hrame, Hrjod, Hropt, Hroptatyr/Roptaty, Hrosshårsgråne, Hvatmod, Hvedrung, Hærglad, Hærblinde, Hå/Høg, Ialk, Jevnhå (Den Jamnhøge), Jolner, Kjalar, Langskjegg, Launding, Møttul, Njot, Olg, Ölur, Ome, Oske, Ovner, Rane, Ramnguden, Rosterus, Sann/Sannetal, Seierfar, Sidhatt, Sidskjegg, Sige, Sigder, Siggaut, Sigmund, Sigtrygg, Skilfing, Skjoldvall, Svalner, Svavner, Svidrer, Svidur, Svipal, Tud, Tund/Tunn, Tekk, Tror, Trasar, Tveblinde, Tvegge, Ud, Vak/Vakr, Valfar, Valdr Galga, Vegtam, Vidrimmer, Vidur, Vodin, Våvud, Ygg/Yggr, Yggjung, Yjung,
[endre] Odin som namn
Sjølv om Odin var den øvste av gudane, har han ikkje sett mange spor etter seg i stadnamn eller i tradisjonelle personnamn. Dei tidlegaste eksempla på bruk av Odin som mannsnamn finst i skriftlege kjelder frå 1700- og 1800-talet. I desse falla er det snakk om fordanska skriftform av mannsnamnet Audun. Det er først i nyare tid at Odin er blitt noko vanlegare som førenamn — delvis som oppkalling etter Audun og delvis inspirert av hovudpersonen Odin i romanserien Juvikfolke av Olav Duun. Rundt 1000 nolevande norske menn har namnet Odin som første eller einaste førenamn (2004).
Derimot har han gjeve namn til onsdag, på same måte som herskarguden Merkur gjorde det i dei romanske språka.
[endre] På verdsveven
- Søk etter norsk namnestatistikk for Odin hjå Statistisk Sentralbyrå